Kom og høyr konserten vår med nordiske akkordeontalent! Publikum får oppleve eit variert program med musikk frå fleire sjangrar og tradisjonar. Frå klassisk musikk og rytmisk musikk til norske folketonar og lidenskapleg tango, blir det ei stemningsfull konsertoppleving som representerer breidda og uttrykksrikdomen til trekkspelmusikken.