© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Opningskonserten på Nordaccordion 2026 byr på ei spanande blanding av klassisk musikk og folkemusikk, med verk av mellom andre festivalkomponisten vår Martin Lohse og årets spesielle gjest Henning Sommero.
Kom og høyr konserten vår med nordiske akkordeontalent! Publikum får oppleve eit variert program med musikk frå fleire sjangrar og tradisjonar. Frå klassisk musikk og rytmisk musikk til norske folketonar og lidenskapleg tango, blir det ei stemningsfull konsertoppleving som representerer breidda og uttrykksrikdomen til trekkspelmusikken.
I kveld står Martin Lohse, årets festivalkomponist, i sentrum. Han er ein av dei viktigaste nolevande komponistane for akkordeon og er kjend for si nyskapande tilnærming til komposisjon, der melodiske klangbilete blir vevde saman med minimalisme og matematiske strukturar. Musikken hans, der i høg grad lar seg inspirere av natur, utforskar samspelet mellom presisjon og fridom, og skaper eit særeige musikalsk uttrykk der tradisjon møter fornying.
Vi held fram den årlege tradisjonen med Operapub på Kafé Tre Brør. Denne gongen ønskjer vi velkomen Henning Sommerro, kjend for sine mangfaldige og dynamiske komposisjonar innan norsk teater og film. Med seg har han operasongaren Magne Fremmerlid og trekkspelaren Kristina Farstad Bjørdal.
Kom og opplev argentinsk tango framført med virtuositet og eit moderne uttrykk av eit ensemble med røter i heile Europa.