page view image

SØK ETTER ARRANGEMENTER

NordAccordion opningskonsert! Sofia Gubaidulina in memoriam.

Ein av dei største komponistane i vår samtid, Sofia Gubaidulina, gjekk bort i 2025. Gubaidulina besøkte NordAccordion i 2018 under vårt aller fyrste arrangement, og festivalen ynskjer no å heidra denne betydningsfulle kunstnaren og personlegdomen med ein eigen portrettkonsert. Programmet vil by på musikk av både Johann Sebastian Bach og Sofia Gubaidulina.

11.08.2025 19:30 @ Vangskyrkja, Bergsliplassen, Voss
'Duoissimo' - 3 komponistar, 2 duoar, 1 instrument.

Akkordeon-duo har vist seg å vera ei framifrå moglegheit for instrumentet til å tolka og framføra transkripsjonar av store orkesterverk. Med kammermusikalsk presisjon og eit rikt dynamisk klangspekter har me valt å gje nytt liv til dei legendariske seinromantiske komponistane Stravinsky, Holst og Borodin! På konserten får publikum høyra nokre av deira mest ikoniske verk: *Petrouchka*, *Planetane* og *Polovtsiske dansar*. Medverkande er Geir Draugsvoll, James Crabb og Gemini Duo.

13.08.2025 19:30 @ Ole Bull Akademiet
Magnar Åm - Portrettkonsert

Magnar Åm er vår festivalkomponist i 2025, og han har ei heilt særeigen stemme i det norske musikklivet. Me er særs glade for at han har skrive så mykje musikk til eit like særeige instrument som akkordeon! På konserten får me høyra både det aller fyrste – og førebels siste – verket han har skrive for akkordeon. Det vert dermed ei urframføring av stykket *Sporlaust funnen* denne kvelden. Medverkande er Geir Draugsvoll, Kristina Farstad Bjørdal, Britt Pernille Frøholm (hardingfele) og Gemini Duo.

14.08.2025 19:30 @ Ole Bull Akademiet
Operapub - stemning i taket

Det er igjen klart for den tradisjonsrike operapuben på Tre Brør kafé. I år er det Ida Løvli Hidle som gir liv til musikken, medan operasongarane Stephanie Lippert og Hallvar Djupvik tryllar fram ord og tonar frå nokre av dei største og mest populære perlene i operarepertoaret.

15.08.2025 19:30 @ Tre Brør kafe, Vangsgata 28, Voss
NordAccordion finalekonsert

Kom og høyr avslutningskonserten med deltakarar frå NordAccordion sitt sommarkurs! Her byr me på eit variert repertoar av komponistar – frå barokktida, via 1800- og 1900-talet, og heilt fram til virtuose originalverk for akkordeon. Deltakarane er mellom 12 og 25 år gamle og kjem frå heile verda.

16.08.2025 19:30 @ Ole Bull Akademiet - Strengjarhaugen 6 Voss
page view image
logo

NordAccordion

Finner du ikke billetten din?
Innløs reservasjoner
Addresse
NordAccordion
Stigenga 142
Oslo