Operapub

Tickets Not Available

Tickets not available anymore

Event information

Kva er vel betre å bruke laurdagskvelden på enn å nyte dei vakraste ariar, viser og musikalsvisker, akkompagnert av akkordeon, på Voss sin hyggelegaste kafé og bar med noko kaldt i glaset? På operapub kjem du tett du på musikarane i eit uformelt miljø.


Operasongarane som skal leie deg gjennom kvelden, er to stjerneskot i verdsklasse. Aleksander Nohr (baryton) gjestar jamnleg Den Norske Opera og kompani i inn og utland. Han har lang operapub-erfaring frå Underwater, Kjerringøy Bryggeopera og operapub i Trondheim, og er veldig glad i å blande sjanger og stilar. Sigrid (sopran) kjem frå Bøfjorden på Nordmøre. Ho bur for tida i Berlin og er frilansar som opera-/konsertsongar. Det er Sigrids første besøk til NordAccordion, og ho gler seg masse!

Akkompagnatør er akkordeonisten Ida Løvli Hidle. Ida er ein premiert akkordeonist, og har mottatt strålande kritikkar for sine opptredenar og CD-innspelingar. I tillegg til si karriere som solist og kammermusikar, har ho spesialisert seg på song-akkompagnement. Hun er bl.a. ein av organisatorane bak Kjerringøy Bryggeopera og har arbeidd som kapellmeister ved Operaen i Malmø ved fleire høve.


Velkomen til ein kveld fylt med dei vakraste svisker frå opera, musikal- og vise-verda. Kanskje dukkar det opp nokre overraskingar også!

Organizer
NordAccordion