page view image

Vestlandsk Operapub med Henning Sommerro

NordAccordion flyttar denne kvelden inn på Kafé Tre Brør og inviterer til operapub - ein uformell kveld med store stemmer, sterke melodiar og musikk tett på publikum.

Information
event image

På scena møter vi Magne Fremmerlid, Henning Sommerro og Kristina Farstad Bjørdal. Med song, klaver og akkordeon byr dei på kjende og mindre kjende innslag frå operaen si verd, i ei ramme der det er kort veg mellom utøvarane og salen.

Det blir også plass til fleire av Henning Sommerro sine kjende og kjære klassikarar. Sommerro medverkar både på klaver og song, og saman med Fremmerlid og Bjørdal blir det rom for det storslåtte, det leikne og det nære – og truleg nokre overraskingar undervegs.

Dette er ein kveld der ein kan senke skuldrane, utan å miste krafta si. Ta med vener, finn deg eit bord og bli med på ein annleis operakveld midt på Voss.


Det er avgrensa tal på billettar. Arrangementet finn stad 14. august kl. 19.30 på Kafé Tre Brør.

Medvirkande:

Henning Sommerro (komponist, vokal)

Magne Fremmerlid (vokal)

Kristina Farstad Bjørdal (trekkspel)


opera akkordeon trekkspel song klassisk konsert voss

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.